´Eit vinddrag
mot mi hud´
Sverre Hatle kjenner
Guds pust i vestavêret...
Læraren, språkmennesket, bonden og diktaren Sverre Hatle (78) i Surnadal har heile livet sunge salmar; i heim og fjøs, skulestove og kyrkje. Men aller mest for kona Randi, som døydde i vår: – Å miste den som har stått deg nærast er ei sorg som er annleis enn alle andre, seier mannen bak salmen "Du er mi øy i havet, Gud".
Sverre Hatle har vore vaksen heilt frå han vart fødd. Ikkje høyrde han på popmusikk då han var ung. Ikkje gjekk han på festar heller, langt mindre røykte i smug eller smakte på ein dram... Men då faren bygde transportkasse til traktoren og bukserte heile den søndagskledde familien ei mil til kyrkje, var han med:
– Far monterte ei transportkasse attpå. Der stuva vi oss saman etter fjøstid og køyrde den lange mila til Myrbostadkyrkja i kjøld og snødrev. Ein gong då han far, og mange gardbrukarar med han, drog på misjonsstemne med traktor, og heile huslyden stigla oppi transportkasser og tilhengarar, laut dei alle på heimturen køyre ein omveg på mange mil rundt Vevang og Stemmet og Bud for å unngå lensmannskontrollen, som det ryktast hadde stilt seg opp i ein knipetongsoperasjon på Bollivegen. I ettertid vart dette heilage traktorfølgjet omtala nærast som ei pilegrimsferd.
Det var på Hatle-gardane i Fræna (dagens Hustadvika kommune i ytre Romsdal) at Sverre Hatle sleit ut barneskoa sine. Der hadde han det trygt, i eit miljø prega av storfamilien, landbruk og lågkyrkjeleg kristendom:
– Korleis var mi "kristelege oppseding" som mor og far hadde lova å gje meg? Dei tok i alle fall plikta alvorleg. Han far var ein alvorsmann, og det prega nok hans tilnærming til saka. Ho mor hadde eit lysare sinnelag. l ettertid lurer eg på om ho kunne kallast forsiktig "kulturopa". På det viset at ho lærte meg songar både av Ivar Aasen og Elias Blix. Men det religiøse livet var fullt og heilt gjennomsyra av pietistisk vestlandskristendom. Det handla om å vere innafor eller utafor, om å vere omvendt eller uomvendt, om å bøye seg for Gud eller vere forherda, å vere "truande" eller "verdsleg".
I grenda var det barneforening, der dei fleste ungane var med. Det var kristelege barnesongar, mat og kakao. Etter kvart vart Sverre også med på dei oppbyggelege vaksenmøta, og var ikkje gamle karen før han hadde eit omfattande religiøst ordforråd; så som Gud og Jesus, Satan og Djevelen, himmel og helvete, omvending og tru, frelse og fortaping, synd og nåde og evig liv:
Ein gong kom det ein stortalar synnafrå ein stad, og han samla så mykje folk at han laut få bruke kyrkja. Han brukte sterke ord og sterkt mål, og åtvara folk mot å stå Gud imot og risikere å gå fortapt. Og det braut ut vekkjing. Somme kom vel helst for å bisne. Dei som ville ha moro, samla seg på galleriet og laga uro. Og talaren la ikkje fingrane imellom. Han måla ut korleis han såg at djevelen var til stades i kyrkja, og mest herja han på galleriet...
– No i ettertid kjem det for meg at livet og samtalen var eitt slag i kvardagen, ein annan på dei oppbyggelege møta. Utanom møta dreia det seg om vêret og årsveksten, foring og feittprosenten på mjølka. På møta var fokuset: Har du di sak med Gud i orden? Om du skal døy i morgon, er du budd til å møte din Gud? Om det så var høgst livsnære og kvardagslege folk, kunne dei heve stemma og komme på gråten.
– Det var reglar for kva som var sømmeleg og rett. Ikkje berre dei ti boda med Luthers forklaringar. Ein kunne ikkje berre drive på å danse og spele kort og leve lettsindig, for ikkje å seie utuktig. Sjølv gjorde eg aldri opprør mot dei pietistiske levereglane. Eg verken dansa eller røykte eller drakk eller spela kort eller flaug etter tauser på usømmeleg vis. Å måle leppene og lakke naglane var ikkje aktuelt for ein gut, men eg mislika likevel at kvinnfolk gjorde det. Eg var ein framifrå farisear, medgir Sverre lattermildt.
Skule
For den lærenemme Sverre, som las og skreiv før han byrja på skulen, var skulestova ein interessant stad å vere. Skulevegen heim frå Haukås skule var dryg, var det ikkje for mjølkeruta som stabla skuleungar og mjølkespann om kvarandre og gjekk si daglege rute mellom Hustad og Molde. Men når mjølkeruta iblant var forseinka, måtte han gå dei sju kilometrane heim.
For Sverre vart oppveksttida avrunda med fullført realskule i kommunesenteret Elnesvågen:
– Foreldra mine hadde syn for utdanning og sende meg til Nordfjordeid for å gå toårig gymnas. Det var ein «puggeskule», hardt køyr fagleg, men eg var skuleflink og greidde meg godt.
På Nordfjordeid låg kyrkja mellom hybelen og gymnaset, og Sverre vart ein stadig meir trufast kyrkjegjengar, trass i at presten messa så falskt at de gjekk gjennom merg og bein. Han fann seg til rette i skulelaget og fekk mange tillitsoppgåver.
– På aldersheimen song vi og heldt andakter. Sidan har eg tenkt: Kva slags visdomsord hadde vi jyplingane å gi desse livsrøynde åtti-nittiåringane?
Etter examen artium prøvde han seg som erstatningslærar eit par stader, og opplevde at han var på bølgjelengde med borna. – Eg opplevde vel eit slags lærarkall. Det ga god meining å vere lærar. Det var ikkje berre ein leveveg.
Dermed gjekk turen til lærarskulen i Volda, der han møtte og vart deltakar i eit meir ope kulturmiljø, med mange slags folk og mange slags meiningar. Lærarutdanninga passa han, og han var aktiv i foreiningar og kor:
– Det vart naturleg å opne seg breiare kulturelt; i det store elevkoret, i mållag og i leikarring. Eg kunne ikkje lenger sjå det syndige i dansen, men noka stor danseløve er eg vel aldri blitt, ler han.
Samisk
Etter fullført lærarskule barst det til Finnmark og lærarjobb i bygda Skoganvarre i Porsanger kommune, midtvegs mellom Lakselv og Karasjok:
– Eg har alltid vore interessert i minoritetar og små språkgrupper. I tillegg var søster mi lærar i Karasjok. Så eg fann meg til rette i dette miljøet. Der møtte eg for første gong den samiske kulturen og det samiske språket, i ei tid då fornorskingspresset framleis vart sterkt. Språkinteressert som han var tileigna han seg samisk.
– Opplæring på morsmålet for samiske elevar vart kjempa fram av engasjerte lærarar i Karasjok, Kautokeino og indre Tana fram mot 1960-talet. På denne tida hadde slike idear enno mykje motvind, men det tok til å opne seg. Når eg kom til Skoganvarre i 1966, var planar og begynnarbøker under arbeid. I 1967 vart dei første klassane med samisk begynnaropplæring oppretta i Karasjok og Kautokeino. I 1968 kom Skoganvarre og skular i Tana etter. Frå omkring 1970 var eg engasjert av Folkeskolerådet til å utarbeide det samiske kapittelet i Mønsterplan for grunnskolen (innført frå 1974) og samiske lærebøker for barneskulen.
– Sverre var med på eit viktig nybrottsarbeid med å gjere samisk til skulespråk, seier venen Nils Magnar Torvik.
Ved sida av skulearbeidet involverte han seg i kyrkjelege verksemd, og fekk både tillit og oppgåver:
– I Skoganvarre fanst ikkje noko slags aktiv kristeleg verksemd som eg hadde vore vant til i oppveksten, men eg prøvde å unngå å sette lyset mitt under ei skjeppe, dreiv søndagsskule, var frivillig klokkar med fullmakt frå presten til å utføre heimedåp, slik fjellsamane var vant til, fortel Sverre.
Til saman 8 år fekk han i Finnmark.
Kyrkje og samfunn
Dei siste 40 åra har Sverre Hatle budd i Surnadal, og gjennom desse åra har han og kona Randi vore involverte og engasjerte både i samfunns- og kyrkjeliv. Sverre har vore klokkar i ein mannsalder, begge stod i mange år i kyrkjekoret, dei tok del i soknerådsarbeid, dei var involverte i flyktninge- og integreringsarbeid, dei var medverkande under ei rekkje kulturtiltak og involverte i sogelagsarbeid og dialektarbeid:
– I den grad ein klokkar skal vere ein støttespelar for presten kan det ikkje finnast nokon betre enn Sverre, seier den nære venen Vidar Rygh. – Frå eg kom hit som prest, og vart kjent med han, har han balansert ærlegdom og saklegheit på ein slik måte at eg aldri har tvila på at han vil både meg og kyrkja det beste. Han er svært godt fagleg orientert - ikkje berre teologisk, men i det meste som rører ved kyrkja si organisering og verksemd.
– Og så er han ein språkmann (målmann) i ordets rette tyding, tydeleg medviten kring språket som noko dynamisk, noko som heile tida er i endring, og derfor også svært engasjert for at dette også må gjelde det liturgiske språk. Han er oppteken av at språket skal kommunisere. I dette ligg også ei forståing av liturgi som «praktisk arbeid»; for Sverre har det alltid vore eit poeng at gudstenestedeltakarane skal vere rusta (førebudde) til å ta del i det arbeidet som skal gjerast under gudstenesta. Der kjem hans tidligare liv som lærar til sin fulle rett: Han er ein pedagog, med ei nokså unik evne til å kommunisere på tvers av generasjonane, seier Rygh.
Den språklege givnaden til Sverre Hatle har resultert i ein stor litterær produksjon, både sakprosa og dikting. I Surnadal var han sentral då dialektord og -uttrykk frå området vart samla mellom to permar i boka Ord te gagns.
For den store kulturinnsatsen i Surnadal gjennom mange år fekk Sverre for nokre år sidan den lokale utmerkinga Kleiva-prisen.
– Sverre er stillfarande på eigne vegner, men så allsidig, kunnskapsrik og engasjert. Og så er han også diktar. Ein høgt respektert mann, seier venen Nils Magnar Torvik.
Sjølv er ikkje Sverre så oppteken av omgrepet dikting, eller å bli kalla diktar:
– Språket brukar vi til å bere fram ein bodskap. For eigen del tilfredsstiller versemål mi lyst til å leike med språket, å ironisere eller få fram livsvisdom. Og kanskje vekkjer noko av det eg skriv interesse hos dei som les bunden form?
Når to hjarte
veks seg saman
Ho Randi
Under dei tidlege læraråra i Finnmark kunne ikkje Sverre sleppe tanken på surn´dalsdråkja Randi Skrøvset. Dei hadde vore medstudenter på lærarskulen i Volda. Vanka i det samle miljøet både på og etter skulen:
– Det var kanskje ikkje romantikk med ein gong, men vi likte kvarandre, hadde lik bakgrunn og mange felles interesser, seier Sverre, og hentar fram minne frå ungdommen:
– Vi var fleire studievener som hadde avtala fjelltur til Melshornet, og vi skulle møtast ein viss stad. Det var berre Randi og eg som møtte opp, og vi såg på kvarandre og lurte på kvar dei andre hadde blitt av. Det var avtalt spel sjølvsagt. Dei ville spleise oss. Fjelltur vart det uansett på oss to, og vi vart gode vener.
Sidan skilde dei vegar gjennom fleire år, men heldt kontakten gjennom brevskriving, og oppdaga at dei hadde mykje til felles:
– Etter år med brevveksling tok eg våren 1970 mot til meg og inviterte Randi til Skoganvarre. Desse feriedagane vart avgjerande for framtida vår. Randi hadde vore eit år på formingslærarskulen på Notodden, og ho hadde bestemt seg for å ta eit år til med fordjuping i tekstilforming. Eg hadde søkt permisjon og skulle ta eit år ved Spesiallærarhøgskulen i Oslo. Sjølvsagt var det avtala spel for å få høve til hyppige helgamøte. Utpå hausten forlova vi oss og planla å halde bryllaup i Surnadal sommaren 1971.
Den aller første tida var dei lærarkollegaer i Skoganvarre, men i 1974 flytta den ferske familien til Sjoa i Gudbrandsdalen, der Sverre fekk stilling som skulestyrar.
Medan dei budde der vart Randi alvorleg kreftsjuk:
– Veslejenta vår var berre halvtanna år gammal, og vi kunne ikkje rekne med at vi skulle få fleire leveår vi tre saman. Randi fekk behalde livet, men ho fekk au dragast med aukande seinskadar som følgje av strålebehandlinga og utviklinga gjekk uavvendeleg mot stavbruk, krykkjer og rullator - og større og større hindringar for kroppsleg utfalding.
Etter seks år på Sjoa tok den vesle familien avgjerda om å flytte til Gulla i Surnadalen, der dei tok over familiebruket Randi hadde vakse opp på. Så vart dei bonde og bondekone, med mjølkeproduksjon som leveveg. Familieliv med to døtre kravde sitt, og i tillegg var både Sverre og Randi svært aktive i landbruksorganisasjonane, samfunnsliv og kyrkjeliv:
– I kyrkjekoret stod vi begge, eg har ikkje rekna kor mange år. Randi var med så lenge ho greidde å stå, og eg heldt stand så lenge vi var minst to karar med, men vi måtte gje oss til slutt, minnest Sverre.
– For meg var det viktig at livet vårt var eitt, men at vi begge skulle utfalde oss på kvar vår måte. Vi måtte sjå dei grindene som stod opne og våge gå gjennom dei.
Midt oppe i all kyrkjelege aktiviteten sat begge med mange eksistensielle spørsmål og ikkje så mange skråsikre svar. Dei gjentekne sanningane om frelsa og forsoninga og rettferdiggjeringa og himmelen forblei på mange vis gåter:
– Ho Randi sa det slik: «Det er så mange som seier amen,
men eg seier så ofte jamen».
– Eg trur vi begge med åra vart meir tolerante, eller tvisynte, eller kva eg skal kalle det. Mindre opptekne av dei rette formlane og dei rette formene.
Randi dyrka kunsten, både som biletkunstnar og diktar. Somme av dei dikta ho skreiv omkring tusenårsskiftet ber preg av den kampen ho førte "som eit vitne om mange bøner som aldri fekk svar". Ho skreiv slik: ” Tvil og tru / tvinna til totråda taum / testa i tolmod og trengsle / styrt gjennom stridaste straum / bar over bru”.
Når ein lever så tett innpå kvarandre og deler det meste, deler ein ofte tankane også. Slik vart det for Sverre og Randi. Saman ga dei i 2011 ut diktboka "Å vera her», ei samling av tekstar og illustrasjonar. Dei vaks seg saman, levde og dikta ihop.
Så fekk Randi kreft på nytt.
Å bli åleine
Er ho tusen år borte frå meg no..?
Det store skiljet
Det vart sjukehusopphald, sjukeleie, heimesjukepleie, medisinar og stell. Men også mange fine stunder saman:
– Når vi til slutt stod framfor det store og endelege skiljet, og både eg og Randi visste at ho hadde berre få veker att å leve, dukka dei store spørsmåla opp att.
– «Kva med det himmelske?" sa ho Randi. Kan vi ha teke feil? Men gjer det i så fall noko? Vi har opplevd så mykje fint gjennom eit langt liv. Og treffer vi Gud og kvarandre att på hi sida, så trur vi at vi møter ein kjærleik som er endå mykje finare og sterkare enn den som er mellom oss to no. "Dette med gullgater har eg aldri fått til," sa ho Randi." Eg likar ikkje gullgater, har aldri gjort det." - Men dette er berre bilete, sa eg, fordi vi ikkje har erfaring for å kunne begripe det. Og ikkje språk for det. Så lat oss heller bruke andre bilete. Då hadde vi allereie bestemt at vi skulle syngje "Himlen blåner for vårt øye, jorden grønnes for vår fot" i gravferda hennar.
Så kom dødsdagen. Tidleg på morgonen - så stilt som berre vinden snur - hadde ho slokna, berre slutta å puste.
– Eg strauk henne over panna og gjennom håret, som eg hadde gjort så mange gonger før, kanskje mest dei siste vekene. Eg fann hendene hennar under dyna. Dei var varme og gode enno. Pusten, livsanden var borte. Kroppen var enno varm, men kvar var ho?
– Gravferdsbilen svinga ut or tunet, og eg vart overmanna av ei lammande kjensle: Du skulle ikkje sendt ho åleine ut på denne ferda! Ei veke seinare sat vi i kyrkja og song: "Hjertet har sin lengsels høyde, hånden har sin gjernings fred. Lovet være Han som er og ånder over tid og sted." Ved båra hennar song eg: " ... når dag og time svinn, då vil eg sovne i ein song om morgonroden over fjell, ein stad der ingen skuggar fell . .. " Og dottera vår, Anna, song: " . .. så mildt som sus frå nattleg hav skal Herrens time koma no. For han er dagen tusen år, og tusen år ein sommardag." Men når vi fira kista ned i grava, trengde eit spørsmål på - eller kanskje seig det inn over meg seinare: "Er ho tusen år borte frå meg no?» Eg prøver å lodde djupna i tanken om at for Gud er tusen år som ein dag. Men det kan eg kanskje ikkje fullt ut forstå så lenge eg er i tida.
– Ei annleis sorg
Nær femti år fekk dei i lag. Så vart han åleine. – Å miste den som har stått deg nærast er ei sorg som er annleis enn alle andre, seier Sverre. Han beskriv kvardagsleg og inderleg korleis sorga farga dagane etter at kona Randi var borte. Korleis gode naboar og vener kom innom, men korleis korona-perioden tvinga han til å vere åleine med si sorg - og korleis våren blømde midt opp i død og tap:
«Eg er åleine i huset. Ho som eg saknar, er ikkje her. Heile tida er det noko eg skulle ha sagt henne, vist henne, spurt ho om. Sola skin gjennom austre glaset og innpå frokostbordet vårt. Kvifor fell ikke sola på ansiktet hennar? Augene hennar skulle sett det augene mine ser. No ser eg ho for meg kvar eg snur og vender meg: i golvmattene som eg trør på, i den tomme senga attmed meg når eg vaknar, i klesskåpen hennar, i halskjedene hennar på soveromsveggen, med perler av farga ull som ho tøvte sjølv, i alle måleria og tekstilbileta på veggene, i den store lyse stua med nypussa glas mot den blåe himmelen som i dag er grå, og der toppen Knykjen gøymer seg i skodda, i mengda av blomsterhelsingar frå den siste veka, der dei står på storbordet med den staselege ulløparen i grått og gult og brunt som ho vov i si velmaktstid.
Eg har kjent på ein stor brennande knute i bringa. Stundom veks han seg så stor og sviande at han vil sprengje meg. All planlegging og ordning til gravferda heldt han i sjakk. Men eg ottast at han ville ta makta over meg når eg no vart åleine med sorga mi.
Så ser eg bort i nabogarden på det ruvande epletreet som laver av snøkvite blomar. Var det eit slikt Luther ville ha planta dagen før han døydde? Og framfor glaset mitt står ein lysande eldkvede, og nedover alle grøne ekrer går to-tre hundre sauer med nyfødde lam og beiter. Då tenkjer eg: Du Gud må ha hatt ei meining med å sette oss til å vera her på jorda, ikkje berre å skremme oss inn på den tronge vegen fram til gullgatene?
Eg trur Randi slepp å gå på gullgater, for den tanken lika ho ikkje. Eg vonar ho heller får gå symrestien, den ho ville gå saman med meg. Eller at ho finn ei systue der det skal vere så mange rom.»
Du er mi øy i havet...
Sverre Hatle har alltid sunge. Overalt. Også i fjøsen, fortel han:
– Ein gong dyrevernet var på rutineinspeksjon i fjøset mitt, var det ein som bemerka at det var så stilt i fjøset, og spurde kva eg hadde gjort for å få dyra så rolege. – Eg syng åt dei, svara eg.
– Du veit, eg høyrer til ein generasjon som starta skuledagen med "Syng i stille morgonstunder" og avslutta med "Fager kveldssol smiler". Sidan har eg halde fram; i skulestove og kyrkje, i heim og i fjøs, i kor og i klokkarstol.
Sjølv er han representert i Norsk salmebok med «Du er mi øy i havet, Gud»; ein tekst han skreiv kring tusenårsskiftet, inspirert av den keltiske kveldsbøna «Lord, You are my island»:
– Den kom på eit vis drivande med vestavinden frå Irland. Presten her kom heim att frå eit opphald i Iona-fellesskapen, og hadde med seg denne bøna. Så vart den med i ein liturgi for kveldssong i kyrkja, der eg hadde omsett teksten til nynorsk. Eg hadde lyst å gjere noko meir ut av tekstmaterialet, stilte meg sjølv fritt til å formulere - og så enda det opp med denne salmeteksten. Melodien ga seg liksom sjølv; ein folketone frå Rindal som har ein rytme i seg som høver til denne teksten:
Du er mi øy i havet, Gud
ei stø for mine føter.
Du er eit vinddrag mot mi hud,
ditt kjærteikn som eg møter.
Du er ein stavstill fjord,
min salme utan ord.
Du er eit fuglekor som kved,
der får eg lov å syngje med.
Du er ein bårerygg som bryt,
der får eg sjå ditt velde.
Du er ei elv som roleg flyt,
ho er mi nådekjelde.
Du fjøre er og flo,
i rytmen finn eg ro.
Du er eit hav kring heile meg,
der er eg evig eitt med deg.
Mykje av diktinga til Sverre Hatle finst i samlinga «Å vera her», som han i 2011 ga ut saman med kona Randi. Begge har skrive og Randi har også illustrert. Mellom tekstane er vigselssalmen «Under livsens tre», som vart sunge då dattera Anna gifta seg.
– Det glitrar av diktinga til Sverre, seier venen Vidar Rygh. – Eit mangfald av salmar og poesi, og med vigselssalmen som er fullt på høgd med det som allereie finst i dagens salmebok:
På den sjette skapingsdagen,
like under livsens tre,
leikar mennesket i hagen,
der Gud sjølv har sett seg ned.
Alt han ser er såre godt.
Difor tenkjer han så smått
at i morgon skal han kvile.
Kan du sjå Gud Fader smile?
Unge Adam går åleine
med sitt opne verkesår
til det sakna sidebeinet
inn til hjartet sitt han får.
Han og Eva på Guds jord
går med Guds velsigningsord
medan sjuandedagsfreden
kviler over dei og Eden.
[...]
Salmesong i vestavêr
– Fjøs, snikkarbu og fiskebåt
– Eg har vore oppteken av fornying av salmespråket. Ein salme skal kjennast nær. Den skal vere konkret og herifrå, understrekar Sverre Hatle. Den skal vere på eit folkeleg mål og med tematikk folk kan kjenne seg igjen i. Av og til kjem det for meg at bibeltekstene kan vere meir konkrete i biletbruk og språk enn mykje av salme- og preiketradisjonen. Berre tenk på Jesus sine likningar.
– Den mest radikale fornyinga av salmespråket skjedde ikkje omkring år 2000 - det skjedde i vestavêret omkring 1900. Då nynorsken vart kristna. Olav Duun seier ein stad at livet er eit farleg bask; det lærer du verken på skulen eller i kyrkja. Dei orda og seiemåtane som dei nynorske salmediktarane Blix, Hovden, Støylen med fleire brukte var henta rett ut frå kvardagen til folk. Dette var salmediktarar med trælar i nevane. Tenk på «Ein båt i stormen duva» eller «Gud signe vårt folk der dei sigler og ror ....Sitt levebrød har dei på brusande hav, med berre ei fjøl mellom seg og si grav ....».
Eg plar seie at desse tok Jesus attende til fjøs og snikkarbu og fiskarbåt, der inkarnasjonen først vart openberra.
– Kvar har sjølvsagt sine personlege opplevingar med salmane. Eg hadde ei av mine sterkaste på ein morgonsong med 3-400 skuleungar og barnehageungar: Eg var klokkar og forsongar og song spørsmålet: "Kven er han som bur i stjemehall, men som her må sova i ein stall?" Svaret kom brusande mot meg som ein foss i vårflaum: "Det er Jesus, han så fattig kom for å gje oss av sin herlegdom!»
– Den salmevinden som bles så friskt i lag med norsk målreising for eit hundreår sidan, var ikkje berre ei uversrosse som la seg. Det går ein frisk fornyingsbris med nye nynorske salmediktarar også i dag, sier Sverre Hatle, som også sjølv har gjeve sitt bidrag til dei nye julesalmane:
Eit lite barn, vår vesle bror,
har slite navlesnora:
Maria Møy har vorte mor,
og Gud er fødd på jorda.
Du barn som syner oss ei flik
av æva når vi ser deg slik
i lys av lovnadsorda,
lat opp for oss,
du som har skapt
det paradiset vi har tapt
når vi har valt det vonde.
[…]
Eit lite barn ved juletid
som jorda kjærleg kyssar,
går vi så ofte blindt forbi
når våre vegar kryssar.
Du hittebarn frå himmelen
som gøymer deg i vrimmelen
av born som ingen byssar,
kom nær oss med
di nakne hud
og gjev eit kjærteikn ifrå Gud
og grip oss med det gode!